Skip to content

Vilborg S. Hovet

Boka, kunsten og litteraturen

 
Præsentation ved Nordisk Forum for Boghistories 5. seminar
7.10.2011, Lunds Universitet


Vilborg Stubseid Hovet er dr.art. med kunsthistorie, norsk, fransk og idehistorie. Den følgende tekst er en forkortet version af Hovets foredrag ved forummets seminar den 7.10.2011 og trækker på eksempler fra hendes bog Den illustrerte boka. Historia om norsk bokillustrasjon (2011). Hovet arbejder som freelance forsker.


 
Temaet mitt er kunstnarillustrert skjønnlitteratur. Det er ein sjanger som har falle utanfor både i litteraturhistoria og kunsthistoria. Eit eksempel kan vise kva det er det dreiar seg om:


1. Tarjei Vesaas: Lev, vår draum. Ver alltid like ny, illustrert av Per Kleiva. Den norske Bokklubben 1981 – Klik for fuld størrelse

Oppslaget er frå ei lita bok med utvalde dikt av Tarjei Vesaas (1897–1970), illustrert av Per Kleiva (f. 1933), utgitt i 1981. Med sju korte verseliner utdjupar diktaren den gamle allegorien om livet som ei vandring på ein veg. Vegen – og livet – blir samanlikna med eit knivrisp, begynninga og slutten med svarte natta.

Vegen endar i natta,
men natta endar på vegen.
Vegen skjer som eit knivrisp
gjennom livet.

Per Kleiva har visualisert dette poetiske biletet med ei heilt konkret framstilling: Diagonalt over ei svart flate er det rispa inn ein skimrande, kvit strek. Reiskapen er ein tollekniv, realistisk gjengitt med rundt, godt handtak, lynande skarpt blad og kvass odd, og denne kniven er ein vesentleg del av illustrasjonen.

I Vesaas’ livsverd er ein slik kniv ein arbeidsreiskap og ein nyttegjenstand. Det er også sjølvsagt at den som har ein slik, har kontroll over kva han bruker kniven til. Men i Vesaas’ dikt finst det ingen konkret kniv. Det finst kanskje ein konkret veg og ei reell natt, men berre kanskje. Vesaas’ dikt består av poetiske bilete, samanlikningar, allegoriar, metaforar og abstraksjonar. Per Kleivas bilete er figurativt, konkret og sakleg. Men det er også poetisk. Teknikken Kleiva har brukt – scraperboard – er viktig for dette resultatet. Teknikken gjev det smale knivrispet litt ulne og uskarpe kantar, rispet får eit preg av at lys trengjer på innanfrå, at rispet opnar for noko. Det gjev den svarte flata konkurranse frå lyset, og rispet – den sentrale metaforen både i Kleivas bilete og i Vesaas’ dikt – blir talande. Meir talande med Kleivas illustrasjon, som fokuserer på det utsette, sårbare og fårlege i vår eksistensielle situasjon, og det viktige i å ha kontroll.

Som dette eksemplet viser, er det eit ganske avansert forhold mellom forfattar og biletkunstnar, mellom ord og bilete, i denne sjangeren. Dessutan er det kunst – ein aktivitet som prøver å gjengi eit anna forhold til verkelegheita enn for eksempel illustrert sakprosa.
 
KVA GJER BILETA MED LITTERATUREN OG LITTERATUREN MED KUNSTEN?
Den franske filosofen og semiologen Roland Barthes (1915–1980) skreiv i 1964 at det er berre to måtar ord kan fungere saman med bilete på, nemleg som forankring (ancrage) og som avløysing (relais). Med forankring meiner han at verbalspråket identifiserer elementa i ein scene og scenen sjølv, styrer tolkinga og orienterer lesinga i ei bestemt retning. Biletspråket er polysemisk, seier Barthes, og verbalspråket leier lesaren rundt i innhaldet i biletet og fjernstyrer han mot ei på førehand vald meining.

Barthes’ to omgrep er nyttige, men tekst og illustrasjon er sjølvsagt klargjerande for kvarandre: Forfattarens tekst forankrar, avgrensar og bestemmer meininga i bileta, illustrasjonane gjer også noko med den litterære teksta. Så er det nokre tilfelle der biletkunstnaren arbeider vidare med tema og motiv, utforskar forfattarens tekst, stiller spørsmål og vurderer innhaldet på nytt. Den litterære teksta har fungert som inspirasjon eller utløysar, men resultatet blir eit visuelt uttrykk som må vurderast som ei autonom tekst. Nokre døme frå norsk litteratur kan syne korleis dette blir i praksis.
 
AVLØYSING
Ein av dei mest suksessrike forfattarane i norsk etterkrigshistorie er teiknaren og forfattaren Kjell Aukrust (1920-2002). I 1958 kom den vesle boka Simen med korte historiar frå Østerdalen i 1920- og 1930-åra, illustrert med små penneteikningar. Boka er første del av ein trilogi som gjorde forfattaren til den mest lesne i landet og ein folkekjær skildrar av norsk folkelynne.


2. Kjell Aukrust: Simen. Helge Erichsens forlag 1958 – Klik for fuld størrelse

Aukrusts små strekteikningar har fine, reine liner. I bileta som i verbalteksta konsentrerer han framstillinga om det vesentlege. Han slepper fabuleringsevna laus skiftevis i illustrasjonane og i verbalteksta og er pinleg nøyaktig med alle viktige detaljar når det trengst. I historia ”Knappe tider” fortel han om den gongen ungane hadde som hobby å samle på knappar og fyrstikkøskjer.

Illustrasjonen legg mykje til i forteljinga. Der ser vi resultatet av hobbyen: ein eldre kar i dress og vest, utan ein einaste knapp, men med sikkerheitsnåler der knappane manglar. Detaljen er ei konstatering av situasjonen, men lar oss også trekke ein konklusjon om karakteren: Mannen har ikkje latt seg knekke av situasjonen. Han har løyst problemet og brukt det han har hatt for handa. Det er ei suveren innstilling til livet, og med den hevar Aukrust personane sine høgt over det middelmåtige. Dette er typisk for Aukrusts måte å teikne personar, skape humor og å la illustrasjon og verbaltekst utfylle og avløyse kvarandre.
 
FORANKRING
Sigrid Undset (1882-1949) gav i 1920-åra ut to store verk med handling frå norsk mellomalder. Det første – Kristin Lavransdatter – kom i tre bind 1920–1922. Til 50-årsjubileet gav forlaget trilogien ut med tusjteikningar av Håkon Stenstadvold (1912–1977).

Stenstadvold arbeidde med illustrasjonane i eit par år. Han besøkte dei stadene hovudpersonen i romanen, Kristin, hadde ferdast på, og tok skisser. Han studerte bygningsdetaljar, interiør, møblar, klesdrakt og levevis på Kristins tid, og han las historie. På ein måte arbeidde han med det historiske innhaldet på same måten som forfattaren hadde gjort. Samtidig las han romanteksta nøye, open for dei bileta som fanst i fiksjonen.


3. Sigrid Undset: Korset, illustrert av Håkon Stenstadvold. Aschehoug 1972 – Klik for fuld størrelse

Illustrasjonen her er frå bind tre i trilogien, Korset. Kristin rir til garden Haugen for å be husbonden, Erlend, komme heim. Sønene Gaute og Nåkkve har ride saman med henne opp gjennom lia. Når dei har komme så langt at dei ser hustaka mot himmelbrynet, byr ho dei snu hestane og ri heim. Ho vil møte Erlend aleine. Desse opplysningane les me i teksta. Det bestemmer kva det er me ser.

Stenstadvold har fått mykje ros for illustrasjonane til Kristin Lavransdatter, ikkje minst på grunn av det grundige førearbeidet, dei historiske kunnskapane og det alvoret han la i å underbygge, ikkje overstyre, Sigrid Undsets tekst. Dette synet på litterær illustrasjon dominerer norske bøker gjennom heile 1900-talet. Først med ein ny generasjon kunstnarar utdanna i 1980-åra forandrar dette seg. Inspirert av det litterære verket arbeider biletkunstnaren vidare med tema og motiv og skaper eit autonomt verk.
 
FRIGJERING
1990-åra var eit tiår med mange litterære jubileum i Noreg, og mange forlag heidra forfattarane med illustrerte jubileumsutgåver. Fleire yngre kunstnarar fekk dermed ein sjanse til å illustrere god litteratur. Ein av dei var målaren Håvard Vikhagen (f. 1952). Oppgåva å illustrere romanen Fred av Arne Garborg (1851–1924), interesserte han mykje. Han arbeidde med illustrasjonane i nærare eit år. Originalane blei utstilte i Det Norske Teatret i oktober 1997.


4. Arne Garborg: Fred, illustrert av Håvard Vikhagen. Den norske Bokklubben 1997 – Klik for fuld størrelse

Garborgs lyriske skildring av havet i innleiinga til romanen Fred er ein klassikar i norsk litteratur. Vikhagens måleri på same oppslag er her, som elles i serien, måla i ein ekspresjonistisk stil med realistisk utgangspunkt. Ein blå og grå himmel med små lysglimt som skin igjennom og blir reflekterte frå havflata. Eit brunsvart jærlandskap med lyng og myr og stein og bleike grøne flekker av åker og eng er abstrahert og forenkla til ei poetisk naturerfaring, men der vi aldri misser kontakten med det landskapet som har vore utgangspunktet for abstraksjonen. To blad seinare stig det ein mannssperson fram av dette brune og mørke landskapet av stein og myr og lyng (s. 11), for så å sige heilt inn i mørket igjen og bli borte der (s. 23).

Garborgs roman er mangfoldig, men Vikhagen valde å konsentrere seg om hovudpersonen Enok Hòve og den asketiske og livsfiendtlege livshaldninga hans. Det kjem også fram i sjølve materialbruken. Filosofen Ståle Finke meiner at det stofflege i Vikhagens bilete – sand og sagmugg i eggolje-tempera – gjer det til ein måte å erkjenne på:

Maleriets mimesis avslører verden på sin egen gåtefulle og diffuse måte gjennom stofflighetens slektskap til noe som er mer enn estetisk form. Vikhagens bilder setter seg ikke fore å løse dette gåtefulle, men oppholder seg i en relasjon til noe annet med fordringen om å være mer enn bare estetisk vellykkede eller skjønne. (Finke 2005, s. 214)

Vikhagens bilete er i dialog med Garborgs tekst, men dei går lenger i å utforske kva det er som eigentleg går føre seg i hovudpersonens sinn. I boka utfyller dei to parallelle tekstene kvarandre, men dei er samtidig to heilt sjølvstendige verk.
 
KVA ER EI BOK?
Det spesielle for ei illustrert bok er at det alltid dreiar seg om ein sekvens av bilete – eller av bilete og tekst – aldri om enkeltbilete. Det er eit resultat av det essensielle ved mediet bok, nemleg at ”ei bok er ei samling ark som vi kan bla i”.

Denne bladinga frå side til side innfører ei rekkjefølgje i tid som vi kan oppleve reint fysisk. Den franske kunstfilosofen Anne Mœglin-Delcroix slår fast at det er denne sekvensielle rekkjefølgja av sider som er det essensielle og spesielle ved mediet (Mœglin-Delcroix 1997, s. 57). Alt det andre vi assosierer med boka er tillegg som vi kan fjerne eller forandre utan at det går ut over det som er spesielt for mediet. Heller ikkje verbal tekst eller illustrasjon er altså noko som kjenneteiknar sjølve mediet.

I eit par tusen år har vi i Vesten funne boka svært gagnleg til å formidle og utveksle nettopp ord og bilete. I mange hundre år var bokmediet overlegent det mest nyttige, og i starten var den tekniske revolusjonen og elektronikken til stor nytte for produksjon og spreiing av boka.

Brått blei situasjonen ein annan. I dag må boka konkurrere med dei nye elektroniske media om å vere best i å konservere og spreie verbal tekst og bilete. Då blir det essensielle ved det gamle mediet: ein konkret, sansbar, fysisk gjenstand med ei sekvensiell rekkjefølgje av sider, tydeleg. Eg tenkjer at det er viktig å vere klar over dette, og fokusere på og utnytte det mediespesifikke, då det er her konkurransefordelen for den tradisjonelle boka i forhold til e-boka ligg.
 
LITTERATUR
Barthes, Roland 1964: ”Rhétorique de l’image”. Œuvres complètes, b. I, s. 1417–1429. Paris 1993.
Finke, Ståle, Holger Koefoed & Jon Fosse 2005. Håvard Vikhagen. Tilnærminger til maleriet. Oslo, Labyrinth Press.
Hovet, Vilborg Stubseid 2011. Den illustrerte boka. Historia om norsk bokillustrasjon. Oslo, Unipub forlag.
Mœglin-Delcroix, Anne 1997. Ésthétique du livre d’artiste (1960-1980). Paris, Jean-Michel Place/Bibliothèque nationale de France.
 
 

Vilborg S. Hovet
vilborg.hovet@tele2.no

 

For at henvise til teksten:
Vilborg S. Hovet: »Boka, kunsten og litteraturen«, oplæg ved Nordisk Forum for Boghistories 5. seminar, 7.10.2011, Lunds Universitet. URL = https://nffb.wordpress.com/seminarer/nffb5/hovet/
[Tilgået DAGS DATO]

 
 

No comments yet

Skriv et svar

Udfyld dine oplysninger nedenfor eller klik på et ikon for at logge ind:

WordPress.com Logo

Du kommenterer med din WordPress.com konto. Log Out / Skift )

Twitter picture

Du kommenterer med din Twitter konto. Log Out / Skift )

Facebook photo

Du kommenterer med din Facebook konto. Log Out / Skift )

Google+ photo

Du kommenterer med din Google+ konto. Log Out / Skift )

Connecting to %s

%d bloggers like this: